Extract from ContExploration.net
|
extract document nr |
8045 |
|
local link |
http://contexploration.net/extracts/8045.htm |
|
remote link |
http://sv.no/partiet/landsmotet/nyheter/uttalelser/dbaFile77416.html http://www.sv.no/partiet/landsmotet/tidl_lm/lm2005/nyheter/uttalelser/dbaFile77416.html |
|
title |
For eit fritt og demokratisk Irak |
|
date published |
2005-04-02 |
|
author |
Sosialistisk Venstreparti landsmøte I
Kristiansand 2005 |
|
source |
Uttalelse vedtatt av SVs landsmøte 2005 |
|
further reading from
author |
|
Teksten fra resolusjonen nedenfor er sakset fra SVs nettsider
Original lenke til resolusjonen, april 2005:
http://sv.no/partiet/landsmotet/nyheter/uttalelser/dbaFile77416.html
OBS, 2006: Den originale lenken er nå fjernet.
Ny lenke til resolusjonen, 2006:
http://www.sv.no/partiet/landsmotet/tidl_lm/lm2005/nyheter/uttalelser/dbaFile77416.html
OBS, 2007: Den nye lenken er nå også fjernet.
--
Original lenke:
http://sv.no/partiet/landsmotet/nyheter/uttalelser/dbaFile77416.html
Slik lød resolusjonen, vedtatt ved landsmøtet i 2005:
--
Uttalelse vedtatt av SVs landsmøte
SV støttar ønsket frå det store fleirtalet
i Irak om ei snarleg tilbaketrekking av okkupasjonsstyrkane frå landet. Så
lenge okkupasjonen varer ved, vil vald, utryggleik og materiell naud vil vera
kvardagen i Irak, og det vil ikkje vera håp om ei fredeleg og demokratisk utvikling.
Den amerikanskleia okkupasjonen styrkar dei ekstreme kreftene i landet, og gjer
kvinner sin situasjon endå vanskelegare.
I strid med internasjonal rett har
okkupasjonsstyret endra dei økonomiske lovene og underlagt Irak eit
marknadsliberalistisk regime til fordel for vestlege storselskap. Irakiske
naturressursar og statsbedrifter er lagt ut på billegsal til utanlandske
konsern, og næringslivet blir gjort avhengig av storselskapas patentar, reservedelar
og kompetanse. SV krev at alle kontraktar inngått under okkupasjonen kan
annullerast i eit framtidig fritt og uavhengig Irak, utan at selskapa har krav
på kompensasjon.
Valet i januar 2005 kan ikkje reknast som
fritt og rettferdig. Store grupper i det irakiske samfunnet vart hindra i å
røysta på parti og lister som målber standpunkta deira, då lister som uttrykte
støtte til motstandskampen ikkje fekk stilla til val. Tusenvis av politisk
opposisjonelle har blitt arrestert eller har forsvunne. Okkupasjonsregimet har
gjennomført ein massiv kampanje mot den frie pressa, med arrestasjon av
kritiske journalistar, utestenging av Al Jazeera og stenging av kritiske
aviser.
Under desse forholda valde likevel mange
irakarar å gå til valurnene 30. januar, med håp om at det var mogleg å røysta
fram ei demokratisk utvikling og ein slutt på okkupasjonen. Den sameinte
irakiske alliansen, som fekk eit knapt fleirtal i den lovgivande forsamlinga,
gjekk til val på eit program som har amerikansk tilbaketrekking som eit viktig
punkt. Etter at så mange har røysta for at okkupasjonsstyrkane skal trekkast
ut, samtidig som mange andre boikotta valet i protest mot okkupasjonen, må
okkupantmakta velja mellom å lytta til det irakiske folket sitt ønske eller å
stå ansvarleg for eit framhald av vald og kaos i landet.
SV anerkjenner det irakiske folket sin
rett til å forsvara seg mot okkupasjonsmakta. Motstand mot okkupanten er ikkje
illegalt i følgje Folkeretten. Like sjølvsagt må terroråtak på openbare sivile
mål, uavhengig av kven som utfører dei, fordømmast på det sterkaste. Så langt
har okkupasjonsmakta ansvaret for langt dei fleste sivile tapa i Irak. Over 100
000 sivile irakarar er hittil drepne som konsekvens av invasjonen og
okkupasjonen.
Startpunktet for ein prosess fram mot
fridom og demokrati for det irakiske folket må vera at USA gir opp målet om
geopolitisk og økonomisk kontroll over Irak, og set i gang ei snarleg
tilbaketrekking av okkupasjonsstyrkane. I ein overgangsfase bør FN stilla med
fredsbevarande styrkar, dersom dette er eit ønske frå dei sentrale
grupperingane i Irak. SV krev at dei landa som har deltatt i okkupasjonen må
betala krigsskadeerstatning og ta det økonomiske hovudansvaret for
gjenoppbygginga når okkupasjonen er avslutta.
Okkupasjonen av
Irak er eit globalt spørsmål. Utviklinga i landet vil ha konsekvensar for kva
veg verdas mektigaste militærmakt tar vidare. Ein vellykka okkupasjon sett med
den amerikanske administrasjonens auge vil vera ei oppmuntring til å
verkeleggjera planar om nye åtakskrigar. Men så lenge dei amerikanske troppane
og deira allierte ikkje har kontroll over Irak, eller dei går på eit nederlag,
vil slike planar vera vanskelege å gjennomføra.
Invasjonen av Irak er det hittil
tydelegaste dømet på Bush-administrasjonen sin forakt for FN-pakta og andre
internasjonale rettsreglar, slik det også kjem til uttrykk i Bush-doktrina om
forkjøpskrig. Krigen mot Irak kan bli starten på ei verdsordning der den
sterkaste sin rett skal gjelda. Men det kan også bli eit vendepunkt der
fredeleg handtering av konfliktar og respekt for internasjonale rettsreglar
blir regelen.
I denne situasjonen er også Noreg si rolle
avgjerande. SV arbeider for at Noreg skal trekka tilbake all støtte til
okkupasjonsstyret. Det inneber tilbaketrekking av alle norske soldatar frå
Irak, avslutting av trening av irakiske soldatar på NATO-basen i Stavanger, og
stopp av våpeneksport og andre militære bidrag.
Slik støtte bidrar bare til å forsterka
USA sitt håp om kontroll over Irak, og til å forlenga krigs- og
okkupasjonstilstanden. Også humanitær og økonomisk hjelp må derfor i den
noverande situasjonen utelukkande kanaliserast gjennom uavhengige
hjelpeorganisasjonar. I det okkupasjonsstyrkane trekkjer seg ut og ei
demokratisk valt regjering er på plass, må Noreg hjelpa til med gjenoppbygginga
av landet.
Publisert: 02.04.2005.
--
Return to ContExploration.net